Installfest

Installfest kan vere ein fin måte å reklamere for Ping.

Ping og CYB arrangerte Installfest på Ifi, 15. september 2009, og sjølv om dei fleste gikk heim med GNU+linux og eit smil, så er det framleis ein god del ting som kan gjerast bedre. Vi kan la dette vere ei side med erfaringar som kan brukast neste gong.

  • Valg av rom
    • Store auditorium fungerer ikkje godt som rom
      • Umulig å komme til for å hjelpe om det er meir enn 20 folk der, og då er 3A o.l. bedre uansett
    • Velg rom som er lett å legge opp nettverk i
    • Du må gjerne ha fleire små rom om du ikkje får tak i stort nok rom
  • Valg av nettverk
    • Om alle skal laste ned samtidig er det ikkje sikkert at wlanet vil fungere skikkelig
  • Wuby fungerer fint
    • Ingen problem med b0rking av partisjonstabell
    • Hjelp gjerne folk som vil ha kun GNU+linux eller “ekte” dualboot, men det er nok enklast å pushe wuby.
    • Mac er mindre enkelt
      • Fungerer Wuby om Mac har windows på seg?
      • Pass på å ha folk som kan hjelpe til med mac
      • Dualboot på mac som har windows frå før?
      • Kan GNU+linux vere aktuelt i virtuell maskin då?
  • Tidspunkt
    • Pass på at du har ein time ledig før folk møter opp. Starter det 16.15 er det best at du er sikker på at rommet du skal bruke er ledig 15.15
  • Reklame/annonsering
    • Få gjerne forelesarane på forskjellige emne til å reklamere for deg (ev. personlig oppmøte)
    • INF1*** er ofte fullt av potensielle deltakarar
 
installfest.txt · Last modified: 2009/09/18 12:07 by jaskorpe
 
Wiki Syntax