GITOSIS

Gitosis køyrer no på knuth.ping.uio.no. Det er ingen integrasjon mellom git-daemon og gitosis, men dei kan sameksistere fint saman ved å peike på samme repo.

Kva skal vi med gitosis lurer du kanskje på? Vi har jo git-daemon seier du? Riktig. Men gitosis er eit verktøy som får samarbeid til å vere leikande lett. Du kan enkelt legge til ein ny brukar, og du kan enkelt la han/ho få skrive-tilgang til prosjektet ditt. Yay

Repo

Heimekatalogen til gitosis er /srv/git, og alle repoa som blir generert av gitosis blir liggande under /srv/git/repositories.

For å sjekke ut eit repo kan du gjere: git clone git@git.ping.uio.no:<repo-navn>

Konfigurasjon

For å opprette nye repo, og legge til nye brukarar må du sjekke ut gitosis-admin (sjå over for korleis). Dette inneheld alle konfigurasjonsfiler, og du kan enkelt legge til brukarar og repo der. Når du er ferdig med konfigurasjonen din må du commite og pushe tilbake. Pass på kva du gjer med rettigheitane til gitosis-admin. Denne sida har veldig fine detaljar om korleis ein skal sette opp rettigheiter: http://progit.org/book/ch4-7.html

For å få tilgang til konfigurasjons-repoet må du kjenne nokon som kan legge deg til. Eventuelt har brukaren drift på knuth også tilgang gjennom git. Push forandringar frå ~drift/gitosis-admin

Det er inga form for integrering mellom gitosis, gitweb og git-daemon, men alle skal vere i stand til å leve saman i fred. Slik ting er satt opp pr. 18. juni 2010, køyrer alle tre som brukaren git, og sjølv om repoa til gitosis kun er tilgjengelige for git:git, så kan altså både gitweb og git-daemon lese dei.

Gitosis har som sagt repoa sine i /srv/git/repositories, medan git-daemon og gitweb leiter etter sine repo i /var/cache/git. Det er usikkert om det er ein god ide å symlinke eit repo til /srv/git/repositories, men du kan trygt symlinke eit repo i /srv/git/repositories til /var/cache/git. Det vil då bli synlig i git-daemon og gitweb.

Gitosis har støtte for synligheit for git-daemon og gitweb, men på ping vil git-daemon oversjå dette, og uansett exportere repoet ditt. Men som sagt kun om du symlinker til /var/cache/git

PASS PÅ! VÆR FORSIKTIG!

Husk for all del på at repoa i gitosis er skrivbare av brukaren git, som git-daemon også køyrer under. Default vil ikkje git-daemon tillate skrive-tilgang, men om du utfører ein:

git config daemon.receivepack true

i repoet ditt vil du tillate anonym skrivetilgang. SÅ PASS PÅ!

Konvensjonar

Konfigurering er ekstremt simpelt, men det kan også bli ei begrensing. Brukarar blir lagt til ved å putte brukaren sin personlige public key inn i keydir-katalogen med navn <username>@<host>. Det kan fort bli rot. Burde vi kreve heile vertsnavnet for å unngå rot? F.eks. jaskorpe@knuth.ping.uio.no, og ikkje berre jaskorpe@knuth. Driftsjef får uttale seg om dette.

 
gitosis.txt · Last modified: 2010/06/18 18:21 by jaskorpe
 
Wiki Syntax